Halloween er det engelske namnet på allehelgensaftan, natta før allehelgensdag. Halloween har utvikla seg til ei høgtid der ein tek for seg døden og skumle idear i form av utkledning og pynt. Halloween blir som regel feira 31. Oktober.
Til Halloween knyter ein ofte skumle eller makabre element som hekser, attergangarar, skjelett, flaggermus, og svarte kattar. Det viktigaste symbolet er blitt jack-o'-lantern, eit gresskar med utskore fjes og eit levande lys inni. Det er vanleg og kle seg ut, gjerne med noko skremmande og halda selskap i sambond med Halloween. Særleg i USA er det vanleg for små barn å gå husimellom og be om godteri, ein skikk som også har spreidd seg til andre land. Ein kan også brenna bål, dukka hovud etter eple, vitja skremmande attraksjoner eller sjå skumle filmar
| Utkledningsselskap er ein historisk tradisjon | |
|---|---|
| Tradisjonelt | Skumle figurer som monstre, vampyrer, skjeletter, hekser, og djevler |
| Moderne tid | Mindre mørke figurer som kjedias, oppdikta figurer, pirater og prinsesser |
| I Norge | "HalloVenn" har blitt innført som eit koseleg positivt alternativ |